Foto: Privat.

Publisert 01.02.2016 17:25, oppdatert 03.02.2016 08:03 - Børje Skaar - tips@stottmedia.no

Pinlege greier

Førde: - Var det du som prompa?

- Nei!

Men løgndetektoren avlsører testpersonen, og ifølgje maskina var det han som prompa.

Andreas Carlsen, betre kjend som vinnar av TV-Norge-serien «Den siste viking», ligg i desse dagar ute med sin eigen pilot-serie på nettstaden til TV3.  «Ærlige Norge» heiter den og baserer seg på personar som vert stilt til veggs av ein psykolog, utstyrt med ein løgndetektor.

- Originalideen var at vi skulle finne ut kva folk eigentleg meinte om dei vanskelege spørsmåla, som blant anna likestilling og kvardagsrasisme. Men vi fann fort ut at det var dei enkle spørsmåla som slo an, seier sunnfjordingen.

  • Sjå intro under

<iframe width="470" height="313" src="https://www.youtube.com/embed/lmKCl4BMK_w" frameborder="0" allowfullscreen></iframe>

Pilot-episode

Serien kan sjåast på TV3-play, og om du ønskjer å sjå meir av «Ærlige Norge», må du klikke deg inn på sidene og sjå episoden i løpet av denne veka.

- Vi har eit bestemt tal visningar som vi må kome oss over for at serien skal bli tatt opp og vidareutviklast. Akkurat no er vi over halvvegs, så eg håpar at lokalbefolkninga heime i Sogn og Fjordane kan hjelpe oss vidare, oppmodar Carlsen, som i første omgang skal lage seks episodar, med grønt lys frå kanalen.

Andreas Carlsen, saman med Bjarte Solhaug og Farmen-Charlotte under innspelinga av piloten. Foto: Privat.

- Det blir eit lite frieri til dei lokale frå mi side, det kan du skrive.

Forutan den «siste vikingen» er det førdianaren Bjarte Solhaug og Andreas Bjørkhaug som står bak konseptideen til piloten, og har laga programmet.

3J7C0451 – Kopi

- Kva trur du svaret hadde vore om vi hadde spurt bekjente om kor ærleg du sjølv er?

- He-he, det veit eg ikkje, men eg kan seie so mykje som at eg ikkje ville satt meg ned med ein slik detektor framfor meg. Eg tykkjer dei er tøffe dei som var med på piloten, men eg held på retten til å lyge, seier Carlsen, og ler.

Pilotepisode

Også kjent som ein «pilot» eller «TV-pilot», er den første fullt produserte episoden av ein TV-serie. Som regel er denne episoden laga som ein test på korleis ein typisk episode i den planlagde serien vil fungere.

Kilde: Wikipedia.

Les også